Flere reinseanlegg i Ålesund stettar ikkje lenger dei krava som er sett til reinsinga. Verst stilt er anlegget på Aspøya, og Ålesund kommune vil ikkje lenger godkjenne byggjesøknader som vil auke avløpsmengda her, går det fram av ei melding frå Ålesund kommune.

For byggeprosjekt knytt til reinseanlegga i Larsgården og Breivika må kvart enkelt tiltak avklarast med statsforvaltaren. Men her òg er tilstanden til reinseanlegga så dårleg at statsforvaltaren ikkje tilrår å gi mynde til byggjetiltak som vil auke utsleppa.

Konkret vil det ikkje bli gitt godkjenning til nye bueiningar ved oppdeling av bustad, tilbygg eller påbygg eller til bruksendringar som fil føre til auka last på anlegget (til dømes frå lager til kontor eller frå fritids- til heilårsbustad). Andre typar byggjesøknader blir ikkje påverka.

Tiltaka gjeld for alle søknader som er sendt til kommunen etter 26. april i år. Dei vil inntil vidare gjelde ut året og skal vurderast i januar 2023.