– Som i 2022-kalenderen er en del bilder hentet fra Sunnmørsposten. De fleste har vært på trykk der, og i Magne Flem sin bok “For noen tiår siden”. Men i år har vi igjen fått med blinkskudd fra lokale fotografer og private album, takket være hjelp fra både lokale arkiv, privatpersoner og historielag, heter det videre.

Foto: Utlånt av Leif Rossvoldaunet.

Bildetekst fra kalenderen:

Innsamling og samfunnsinnsats på Giske. Elevar kan gjere ein forskjell og vere med og påverke både seg sjølve , historia og samfunnet rundt seg. Desse ungdomsskuleelevane er tydeleg stolte over resultatet av årets innsamlingsaksjon, som dette året, ein gong midt på 80-talet, sette fokus på ressursen brukte klede og hjelp til Aust-Europa.

Eit anna år var fokuset retta mot innsamling og resirkulering av papir, og ei stor og vellykka innsamling resulterte i fast papirinnsamling på Giske-øya – og etter kvart også i heile kommunen. Elevane skreiv brev og utfordra både kommune og stat til kjeldesortering og gjenbruk av ressursar. Ja, ei av klassane fekk også svar og personleg brev frå sttsminister Gro med takk for innsatsen og lovnad om handling.

På bildet bak frå v: Tove Helen, Stig, Rannveig, ?, Jon Grøvik(lærar), Renate, Idar, Bjørnar, Eldar Janne, Johnny og Harald. Framme frå v: Grethe, Ingvild, Vebjørn, Sigfred, Annette og Judith.