Det er Fiskebåt Vest i lag med Møre og Romsdal Fiskarlag, Surofi, Marint kompetansesenter og Norges Sildesalgslag som står bak arrangementet, som også har med Sparebanken Møre som sponsor.

Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva det inneber å ha eit yrke på sjøen. Deretter får dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg.

I år er det lærling Selma Steen Bjørlykke frå Ålesund, fiske- og fangstelev på fagskulen Daniel Magerøy frå Midsund og motormann-elev på fagskulen, Simen Akslen frå Ålesund, som blir intervjua om kvifor dei har valt fiskeri som sin yrkesveg.

Ikkje berre fagleg

For at ungdomskuleelevane skal henge med, blir det også Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane, der den klassa som vinn får 10 000 kroner, og den eleven som gjer det best får ein ipad.

Kjend artist

Arrangørane legg også vekt på finne ein ung lokal artist til arrangementet. I år som i fjor er det Sverre Eide frå Ålesund som stå for det musikalske. Eide er mest kjend frå The Voice.

Artisten Sverre Eide frå Ålesund står for det musikalske. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.