Men det må skje på ein av dei ytterst fåe dagane månen er nok høg. Det er 18 år sidan sist månen i 2005 hadde så høg himmelflukt. Då fekk eg eit bilde av ein nord-måne sett frå Alnes og eitt frå Flø. Ålesunds-bilde manglar. Det går 18,6 år mellom slike månesyklusar, så det gjeld å passe på!

Når tabellen viser heile 28 grader, er månen cirkumpolar sett frå Ålesund! Det vil seie at dette døgeret går ikkje månen ned. Ein kan og seie det slik: «Polarsirkelen» åt månen har sørgrense ved Ålesund ved 28 graders måne.

Komande månad, desember 2023, er månen er ekstremhøg den 27. desember, 3. juledag.  Månen sett frå Ålesund er då i nord om lag klokka 12.30. Samtidig er det fullmåne dette døgeret. Eg skulle så gjerne hatt eit månebilde der Molja fyr viser slik som dagens bildet. Standplass for fotografering Moljevegen ved Akademiet.

Månefenomenet det her er snakk om kan ein google: lunar 18,6 year cyclus og der finn ein mykje av den teoretiske bakgrunnen for den ekstreme månevandringa. Om 9,3 år går månen ekstremt låg og når då aldri opp til sommar-solhøgder.

Skribenten har krota tydelege merke på dei datoane då månen står høgst på himmelen. Aller høgste punktet er + 28,7 den 22. oktober 2024. Deretter går verdiane nedover i vel ni år.

Stjernehimmelen i desember

Morgonstjerna i søraust er planeten Venus med lysstyrke -4,1. Stjerna Spica kan me sjå oppe til høgre for Venus heilt til dagslyset viskar ut både stjerna og planeten. Tidleg på kvelden er det planeten Jupiter som ovrar seg på sør-himmelen i åtte ni-tida. Planeten Saturn kan sjåast straks etter solnedgang lågt i sør-sørvest.

Sirius-stjerna jagar Orion. Ein del av eit stjernekart.

Sirius og orion

Seine kveldar i sjølve juledagane vil den bjarte månen gå ned og stjernebildet Orion melder seg på sørausthimmelen. Orions belte, tre sterke stjerner er nattstjerner saman med Betelegeuse oppe til venstre og Rigel nede til høgre på Orion. Sirius heiter den blinkande stjerna som er med og jagar Orion.

Den nye 2024-almanakken er eit godt julegåvetips til alle som likar å fylgje med det som skjer på stjernehimmelen. Her er masse oppdatert informasjon. Ikkje minst månetabellen side 90.