MOBBING.

Årsaka til at eg ytrar meg om dette temaet no,  etter å ha slutta i skulen for godt 15 år sidan, var ein kort notis i ei Osloavis der overskrifta var: «Stadig fleire mistrivst» Vidare står det at stadig færre trivst på skulen. 15 % av elevane i skulen gjev uttrykk for mistrivsel. Samstundes seier 11% at dei blir utsette for mobbing.. 25% seier rett ut at dei gruer seg ofte til skulen. Tal og statistikk les vi kanskje for ofte utan å tenkje over kva som ligg bak tala – slik også her.

Mobbing må vi prøve å definere: Gjenteke negativ eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire personar retta mot ein person som oftast har vanskeleg for å forsvare seg = mobbing. Den sterke mot ein svakare! Mobbing er overgrep! Born  som gjennom fleire år i skule, barnehage og fritid må leve som mobbeoffer, vil ofte bere med seg desse opplevingane resten av livet. Talet på mobbeoffer er vanskeleg å fastslå eksakt. Eg vågar å hevde at ut frå fleire undersøkingar ligg no talet mellom 50.000 og 100.000.

Mobbing har eksistert i skulen langt tilbake, mobbing eksister i dag overalt i samfunnet vårt. Mobbing har ulike former – digital mobbing er sterkt aukande – dessverre.

Redd Barna seier: Barn har rett til et godt og trygt miljø, og mobbing har alvorlige konsekvenser for barn. Når barn sier ifra om at de ikke har det bra i barnehagen eller på skolen, må de tas på alvor. Barn kan gjøre en forskjell og de bør involveres i arbeidet med å skape et trygt og godt miljø, men det er alltid de voksnes ansvar å gripe inn og stoppe det når barn blir utsatt for mobbing.

Skule og foreldre gjer ofte så godt dei kan – dessverre ikkje alltid – og slett ikkje nok. Mange vedtak er gjort av ulike instansar om å få redusert eller fjerna mobbinga. Mange program i dette arbeidet har vore og vert nytta i skulen. Truleg har dette redusert auken av mobbinga og takk for det. Barn har då vorte sparte.

Eg har ingen fasit på korleis vi skal snu denne triste utviklinga – likevel nokre tankar.

  • Vi vaksne må gå i oss sjølve og kutte ut all form for mobbing i arbeidsliv og samkjem elles. Eksempelets makt i positiv lei er viktig!

  • Skuletid som mobbeoffer kan vere eit helvete for dei det gjeld. Skuletida vert eit vondt minne for livet! Skulen – tilsette og foreldre må leggje endå større vekt på førebyggjande tiltak, slå kraftig ned på all mobbing i stort og smått. Mobbeofferet er den uskuldige, mobbaren må svi.

  • Bruk meir av skuletida til å arbeide for å fjerne flest mogeleg mobbetilfelle. Det bør lde på skulenivå, klassenivå og individuelt nivå. Tidsbruk til dette arbeidet er vel anvendt tid! Første prioritet i skulekvardagen.

  • Fleire har snakka om nulltoleranse. Flott det – det er målet vi alle må strebe etter.

  • Eg må etter å ha arbeidd mange år i skulen også legge til at eg og sikkert fleire til, gjorde for lite med den utveksten mobbing er.