Språkdebatten har blussa opp att. Lokale media har registrert at Ålesund kommune sitt språkvedtak i samband med samanslåing frå 2020, kan verte endra. Vedtaket om nynorsk i nye Ålesund kommune kom ikkje utan debatt og til dels høg temperatur. No står vi framføre ei ny debattrunde mellom innbyggjarar, komande politikarar og støttespelarar med ulike og sterke synspunkt.

Alternativa er framleis tre – bokmål, nynorsk og språknøytralt. Eg er for min del noko uforståande til at vi også i denne saka skal vere nøytrale. Vi møter denne haldninga i mange saker i samfunnet rundt oss. Røynsle syner at nøytralitet knytta til språkvedtak inneber bokmål. Her er kjøtvekta avgjerande. Nøytralitet er i val av språk eit ikkjeval. La vi for all del ikkje gå i nøytralitetsfella.

Bokmål og nynorsk er jamstelte språk i landet vårt. Det har Stortinget avgjort. Dersom jamstellinga skal vere reell, må vi saman hjelpast om å få dette til. I vår del av landet er nynorsk grunnpillaren i språket vårt. Vi kan takke Ivar frå Hovdebygda for at dette vakre språket har den plass det i dag har. Kjære sunnmøringar – vi kan vere stolte.

Etter språkvedtaket i nye Ålesund vart det hevda at nynorsk var eit for vanskeleg språk for dei tilsette i kommunen. Til tider må ein på dei fleste område lære seg til å meistre dei oppgåvene ein vert sett til. Vi har til tider registrert nynorskmotstand ved at språket vert krydra med utdaterte ord og vendingar. Alle språk er i utvikling. I løpet av snart fire år med eit nynorskvedtak det står respekt av, har mykje «gått seg til» Det er rett før eg kjem med godord til kommunen sine tilsette.

«Nynorsk vert skrota» kan Sunnmørsposten slå fast i ein artikkel 10. juli. Ei fersk meiningsmåling syner dette. Eg tvilar ikkje på at målinga viser nei til framhald av nynorsk. Komande politikarar – dei 47 i det nye kommunestyret frå 1. januar 2024 – vil høgst truleg forlange ei sak om språkval. Ei sak og ein debatt kan vi leve godt med. Mi konkrete haldning er at vi har eit godt vedtak om nynorsk og ein språkbruksplan av godt merke. La desse få gode vekstvilkår også etter 2024.

Ein debattant i Smp ga uttrykk for at då ho var ung ga ordet nynorsk «brekningsfornemmelser». Eit langt og vanskeleg ord der eg prøver med ein nynorskvariant – kanskje «oppkastkjensle» kan nyttast? Trist å høyre, men opphald på Høgskulen i Volda endra mykje. Eg siterer: «Her ble nynorsk brukt på en naturlig måte til all kommunikasjon. Først da gikk nynorsk fra å være et vakkert, høylitterært språk forbeholdt Olav H. Hauge og Haldis Moren Vesaas, til å bli et bruksspråk for hvermannsen som meg selv.» Takk til norsklektoren Helene Fagermo, ikkje minst for hennar ros til kommunen sin språkbruksplan og sluttorda i innlegget: «Språk er blodig alvor, men det er viktig å huske at det også er innmari moro.»

Kjære komande politikarar: La språk verte ei viktig sak i valkampen. Ta dei rette vala når de kanskje får språkval på sakskartet. La Ålesund også frå 2024 vere ei kommune der vi kan heve nynorskfana høgt! Ei kommune med respekt også for mindretalet.