Årets TV-aksjon – handlar om at fleire skal få helsehjelp og å gi livsviktige medisinar til menneske som er ramma av gløymde infeksjonssjukdomar som fører til tap av syn og andre funksjonsnedsettingar.

Manglande helsehjelp får store konsekvensar for både samfunn og enkeltmennesker. Barn får ikkje vekse opp, familiar misser sine kjære, unge får ikkje utdanning og folk fell utanfor arbeidslivet. Manglande helsehjelp fører også til fattigdom. Halvparten av verdas befolkning manglar naudsynt helsehjelp. Utan tilgang til legehjelp, vaksiner eller medisinar misser millionar av menneske livet kvart år. Ofte er dette menneske i sårbare livssituasjonar.

Kvar dag døyr 1700 menneske av malaria. På eitt år betyr dette over 600 000 tapte liv. Med 10 kr og to tablettar kan malaria behandlast. Kampen for helsehjelp og medisinar er difor viktigare enn nokon gong.

Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å førebygge epidemiar og behandle kjende og ukjende sjukdomar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone.

I samarbeid med forskningsorganisasjonen DNDi skal deler av TV-aksjonsmidlene også brukast til å utvikle medisinar mot gløymde, også dødlege, sjukdomar som kala-azar, elveblindheit, sovesyke, Changas og mycetoma.

Akkurat no står millionar og ventar på å få behandling av ein lege. For mange står det om livet, men tilgang på helsehjelp er ikkje sjølvsagt for alle. Fattigdom og mangel på helsehjelp går i arv frå generasjon til generasjon. Så mange som 600 millionar menneske bur i risikoområde for den livstruande, infeksjonssjukdomen Kala-azar. Årleg er det mellom 50 000- 90 000 som får påvist sjukdomen. DNDi som driv med ikkje-kommersiell forskning  på og medisinar mot neglisjerte og tropiske sjukdommar vil gjennom aksjonen få midlar til sitt arbeid. Desse gløymde sjukdomane fører til at minst 400 000 menneske kvart år vert ramma av varig funksjonsnedsetting.

Smittsomme sjukdomar kjenner ikkje landegrenser, kjønn eller alder. Difor er årets TV-aksjon, som handlar om grenselause sjukdommer og gløymde pasienter, særlig viktig for at vi saman kan redde liv. Koronapandemien har lært oss å tenke forebygging, difor må vi hugse på at infeksjonssjukdomar som hiv, sovesyke, tuberkulose og meslinger lett kan utvikle seg til større epidemier. Støtter du årets TV-aksjon til Leger Uten Grensers viktige arbeid, kan du gjere ein forskjel.

Å gå med bøsser er framleis ein hovudaktivitet. Og på blimed.no kan du melde deg til teneste. Rundt i Ålesund vert det planlagt store og små arrangement for å sette søkelyset på, og samle inn pengar til årets TV-aksjon. Skuleløp, næringslivsdugnad, mannekengoppvising, og kafe er nokre av desse. Her der det berre fantasien som avgrensar kva lokalt engasjement kan kome opp med av idear.

Vi i aksjonskomiteen oppfordrar alle om å engasjere seg - registrer deg som bøsseberar på blimed.no, du kan vere både fysisk og/eller digital (facebook) bøsseberar. Og ikkje minst: Ta vel imot bøssebærerane. Bli med på årets viktigaste søndagstur 23. oktober!

TV-aksjonskomiteen i Ålesund:

Kari Grindvik (leiar), Anne Berit Støyva Emblem, Frank Victor Valderhaugstrand, Sven Walter, Alexander Drabløs Wiig og Ove Økland