Bussar er ein del av eit omfattande og komplisert rutenett og må tilpasse seg kvarandre. Dagens linje 1 går heile den lange vegen mellom Slinningsodden og Moa/Myrland. Her er ulik trafikkmengde og passasjergrunnlag gjennom døgnet. For at bussen skal følgje rutene gjennom ein lang dag med trafikk, må dei regulere tida med å stå i ro enkelte stader. Difor må dagens buss stå opp til ni minutt og vente i Skarbøvika – med passasjerar om bord. Dette skjer i Skarbøvika fordi det ikkje er nokon annan plass bussen kan stå utan at det blir problem for annan trafikk.

Med pendellinje i staden for å gå i ring, så kan reguleringa og ventetida takast i enden av linja, og med ny haldeplass på Slinningen kan bussen ta justeringstida og vente der før passasjerane kjem om bord. Bussen er dermed «ferdigventa» når du går på og du får køyre strake vegen til sentrum.

Med å gjere det tilpendelrute er det enklare å tilpasse rutene og når snuplassen er på plass vil det bli ein større gjennomgang av køyretider slik at ventetidene blir kutta så mykje som mogleg.

Skulebussane kjem fortsatt til å gå på nordsida.

Busstilbodet på Hessa kjem fortsatt til å vere godt innanfor det som er tommelfinger-regelen i andre byar for avstand til buss-stopp. Sjå kartet med sirklar rundt buss-stoppa og som viser 400 meter eller om lag fem minutt å gå.

I det store bildet høyrer det dessutan med at Hessafjordvegen på sørsida av Hessa skal utbetrast som ein del av Bypakke Ålesund.

Bypakken oppgraderer også fotballbana med ny grus og ballnett mot vegen. Takk for god dialog med Slinningen Vel.