Arnfinn Kolerud vitjar Moa bibliotek for å gi tips om korleis ein kan bli ein god nynorskaktivist, anten det er enkelt og stillferdig gjennom dikt-på-do, korrekturlesing og korrekturbrodering eller på meir utagerande og framfuse vis.

Kolerud har ein særeigen penn full av humor og underfundige vendingar. Forfattaren, som er oppvaksen i Isfjorden og bur på Måløy, har skrive ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Dei tre siste bøkene hans er ein absurd og spinnvill framtidstrilogi om folka i Vassbygda/Vassbygdi, den siste plassen i Noreg som enno ikkje har gitt tapt for bokmålet og engelsken.

Dei som bur i Vassbygda/Vassbygdi er sameinte i kampen for nynorsken, men for somme er kampen viktigare enn for andre, og dei tek gjerne i bruk særs oppfinnsame – til dels bisarre – verkemiddel for å få ut bodskapen. Dessutan er det ein annan viktig strid som førast internt mellom bygdefolket: kampen mellom a-målet og i-målet. For å markere ståstaden køyrer dei mest ihuga i- og a-tilhengjarane gjerne Toyoti eller Auda.

Forfattaren kjem til Moa bibliotek torsdag 21. september. Tilstellinga er eit samarbeid mellom biblioteket og Borgund Mållag.

«Når ein først skal skyte nokon» er første band i den elleville Vassbygda-/Vassbygdi-trilogien. Dei to andre er «Kom ikkje inn i mitt hus» og «Gamle menn i syningom». Foto: samlaget